Startpage





download musicfile

Steinane
Doggfall i ein dal : dikt 1966.





STEINANE

Du stod der med stein i neven,
du kasta i aust og vest.

Neven var fylt av steinar,
og andre gjorde som du.
Du lo då det kviskra kring deg:
Sjå h a n ,
han som kastar b e s t !

Du høyrde òg gråt ikring deg
der steinane råka mest.

No står du med tome hender.
Du prøver å finne att
dei mange steinane du kasta.
Men snart er det natt.

Løynde i klungerkjerra
gøymer seg stein ved stein.
Fingrane rivst til blods,
men fåe du lell får fatt i.

Slik var det å kaste stein.
Då ser du at klunger ber roser.
Enn om du plukka d e i ?
Det stikk litt i fine fingrar,
men nokon treng roser i staden for stein.
Kvi står du med tome hender?



skrevet av Bjarne Slapgard


Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer.


tonesatt av Abnescio


Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard.